Årssamling i Sunnylven og Stranda produsentlag.

Norvald Dalsbø til høgre delte ut heidersbevis og blomar til dyktige mjølkebønder. Tor Lie (nr. to frå høgre) får sølvtina under konsernet si årssamling, Ola og Ingeborg Ødegård fekk fem-års plakett. Oddvar Hole skulle få ti-års plakett, men var ikkje til stades.

Norvald Dalsbø til høgre delte ut heidersbevis og blomar til dyktige mjølkebønder. Tor Lie (nr. to frå høgre) får sølvtina under konsernet si årssamling, Ola og Ingeborg Ødegård fekk fem-års plakett. Oddvar Hole skulle få ti-års plakett, men var ikkje til stades.

Det var godt frammøte då Sunnylven og Stranda produsentlag heldt årssamling på Sunnylven samfunnshus. Norvald Dalsbø frå Stadlandet og medlem i konsernstyret orienterte frå drifta i TINE Meierier.
Fredrik Stadheim – 05.03.2014 10:19:40
Under årssamlinga vart tre mjølkeprodusentar tildelt heider frå Tine for godt mjølkestell. Tor Lie, Stranda og ein av landets største geitmjølkprodusentar fekk sølvtina for klassefri mjølk i 15 år. Ein stor prestasjon med dei strenge kvalitetskrav mjølkeprodusentar blir målt mot.

Også to leverandørar av kumjølk fekk heidersbevis for klassefri mjølk, Oddvar Hole, Sunnylven fekk ti-års plakett og Ola Ødegård, Stranda kunne motta fem-års plakett.

Feitt og tørrstoff

Ei gransking som var gjennomført av husdyrkontrollen viste at mjølkeprodusentar i Sunnylven og Stranda leverer mjølk med høg feittprosent og tørrstoffinnhald. Høge tal påverkar utbetalingsprisen positivt.
Av 32 kumjølkprodusentar kom buskapen til Svein Egil Rusten, Sunnylven ut best med feittprosent på 4.41, buskapen til Ola Ødegård, Stranda nåde 4.37, og Lars K. Hauge 4.29. Tala er over landsgjennomsnittet på 4.1%.

Hos geitbøndene kom buskapen hos Rolf Arne Ljøen, Sunnylven med høgast tørrstoffprosent på 12.7, hos Eva Fjørstad, Stranda var talet 12.2, det same som hos Inge Røyrhus og Jørn Stadheim, begge Sunnylven.
Tala ligg høgt også på landsbasis. Salten og Helgeland er rekna som dei gode geitområde og der er tørrstoffprosenten på 12.1, vart det opplyst på produsentmøtet.

Auka mjølkepris

Årsresultatet for TINE Meierier var tilfredsstillande, sa Norvald Dalsbø. Meieriselskapet med 5400 tilsette kom ut med eit overskot på 685 mill. kroner. Av dette går 58 % tilbake til mjølkeprodusentane som etterbetaling på leveransar innafor kvote i 2013. Med 26 øre i tillegg vart målprisen på kr. 4.91 pr. liter.

Dalsbø kom innpå drifta ved fire nye anlegg, i Oslo, Tunga, Jæren og Verdal. Ikkje alt hadde gått smertefritt i innkøyringsfasen, noko som fekk fleire på årssamlinga til å stille kritiske spørsmål til kompetanse til tilsette. Å lære seg å lage ost var vel noko som meieriet burde kunne frå før, vart der sagt.

Val.

Tor Lie, Stranda held fram som leiar i Sunnylven og Stranda produsentlag. Styremedlemer er Per Kristian Gjærde, Stranda og Karl Johan Røyrhus, Sunnylven.

Varamedlemer: 1. Egil Jarle Frøysa, Sunnylven, 2. Jørn Stadheim, Sunnylven.

Valnemnd: Inge Røyrhus, Sunnylven, leiar, Eva Fjørstad, Stranda. Vara: Ingrid Opsvik, Stranda.

Utsending til TINE årssamling: Karl Inge Lilleås, Norddal. Vara: 1. Tor Lie, Stranda. 2. Hans Jakob Hatlestad, Sykkylven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380