Endeleg Sunnylvscup på ski

Arkivbilete frå 2005.

Arkivbilete frå 2005.

Dei siste dagane har snøen lava ned. Dermed er det klart for renn i Sunnylvscupen onsdag og på ski.
Fredrik Stadheim – 17.03.2014 16:35:20
Onsdag er det klart for renn i Hyttehola for alle som vil delta i Sunnylvscupen på ski. Den snøfattige vinteren førte til at skigruppa har arrangert og registrert to trimturar utan ski på beina som Sunnylvscup. Difor blir rennet i Hyttehola onsdag det fyrste med ski og det tredje i årets cupsesong.

Rennet går i fristil med klassevis fellesstart. Sjå aktivitetskalendaren; http://www.hellesylt.no/?menu=692&id=4004

I skianlegget ved Tronstad er det kome kring 50 cm. nysnø og måndag ettermiddag er løypene oppkøyrde med løypemaskina.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380