Lokalnytt

Flott konsert med skulekorps

Sunnylven skulekorps og Eidsdal skulekorps avslutta konserten fredag med eit felles nummer.
Sunnylven skulekorps og Eidsdal skulekorps avslutta konserten fredag med eit felles nummer.

Jan Helge Andreassen var dirigert for to skulekorps under konserten på Sunnylven samfunnshus fredag. Der fekk publikum høyre både Sunnylven skulekorps og Eidsdal skulekorps.
Fredrik Stadheim – 09.03.2014 17:10:39
Sunnylven skulekorps sin faste dirigent, Trond Otto Berg har vore ute i permisjon og i hans stad har Jan Helge Andreassen frå Eidsdal vikariert.
Dirigenten frå Eidsdal har skjøtta jobben på ein svært god måte, det fekk alle dei mange frammøtte høyre fredag kveld.

Korpsa hadde kvar sine avdelingar før dei avslutta konserten med eit felles nummer. Fyrst ut var Eidsdal skulekorps med sine 21 musikantar.
Korpset har som Sunnylven nesten berre unge musikantar, men imponerte med drivande god speling både med spesialkomponert korpsmusikk og filmusikk frå Oreons Belte på repertoaret.

Like flott var det å høyre Sunnylven skuekorps. Det svinga rett så bra med både Abba-låtar og anna populærmusikk.

Jan Helge Andreassen som tidlegare hadde besøkt Sunnylven mellom anna som laksefiskar i Korsbrekkeelva, har vore korpsdirgent i Eidsdal i 14 år.
Frå nyttår har han pendla til Hellesylt kvar fredag og øvingar med Sunnylven skulekorps. Han rosa musikantane i skulekorpset som han fortalde var svært stille dei to fyrste øvingane. Men etter det kom det seg med praten, sa han.
-Ta vare på korpset dykkar og prøv å auke rekrutteringa, var oppmodinga han gav.

Leiar i styret for Sunnylven skulekorps, Gunnhild Kvam takka Andreassen for jobben han hadde gjort som vikar og overrekte han ein bukett vakre blomar.

Fredagskonserten med dei to korpsa opna med innslag av eit musikkband ved Sunnylven skule med Inger Ringdal Sæter song, Maria Langeland gitar, Ingeborg Langeland piano og lærar Erik Torset tangentinstrument.
Og i pausen imponerte Lars Kvam Karbø med eigen komposisjon på piano.

Inger Ringdal Sæter til venstre og Maria Langeland er begge med i skulebandet.
Inger Ringdal Sæter til venstre og Maria Langeland er begge med i skulebandet.
Gunnhild Kvam takka og overrekte blomar til Jan Helge Andreassen for dirigentjobben i Sunnylven skulekorps.
Gunnhild Kvam takka og overrekte blomar til Jan Helge Andreassen for dirigentjobben i Sunnylven skulekorps.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380