Lokalsport

Gjekk Vasaloppet

Hans Kristian Stadheim (Arkivfoto frå Vasaloppet)
Hans Kristian Stadheim (Arkivfoto frå Vasaloppet)

Hans Kristian Stadheim frå Sunnylven starta langrennsesongen søndag med å gå det 90. km. lange Vasaloppet frå Selen til Mora.
Fredrik Stadheim – 03.03.2014 08:23:49
John Kristian Dahl frå Norge vann Vasaloppet søndag der nær 16.000 løparar stilte til start.
Hans Kristian Stadheim, som til dagleg har jobb ved NIH og som langrennstrenar i Oslo-klubben Lyn Ski kom i mål på 4. timar 58. minutt og 554 plass, 44. minutt bak vinnaren. Av 1037 norske løparar vart han nr. 151.

Med startnummer rundt 4600 vart det mykje kø-gåing opp den fyrste bakken og gjennom det smale partiet som er i Vasaloppet etter ein kilometer.
-Eg hadde gode ski, gjekk på røbb og greidde målet eg sette meg om å kome under fem timar, så eg er svært godt nøgd med vinterens fyrste langrenn, seier Hans Kristian på telefon frå Mora. Han gjekk løpet også i 2008.

Raskare gjekk det for Knut Anders Hatlen, Stranda. Med startnummer 67. kom han fort inn i løpet og fullførte på sterke 4.20.31. Det heldt til 79. plass totalt, ( nr. 30. av norske), 5.58 etter vinnaren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380