Høgspentlinje i jorda

Arbeidet med å legge høgspentlinja til Sunnylvsbygda i jordkabel pågår for fullt. I same grøft blir lagt trekkerøyr for fiberkabel for internett.
Fredrik Stadheim – 28.03.2014 13:14:58
For eit par veker sidan starta ei ny etappe med å legge høgspentlinja til Sunnylvsbygda som jordkabel, frå industriområdet i Sanden på Hellesylt til Stadheimfossen.
Det er to lokale maskinfirma som utfører jobben for Stranda Energi, Asle Fivelstad og Egil Røyrhus.
Så langt har kablinga gått etter planen, fortel dei to maskinentreprenørane som reknar med at jobben skal vere gjort i god tid før bøndene i området startar med våronn. Strekninga dei skal kable er på om lag 1.5 kilometer og dei nærmar seg halvvegs.
Sist haust fekk Stranda Energi lagt høgspentlinja frå Stadheimfossen Camping og forbi Kjellsmyra i Steimsåsane i jorda, ei strekning på knappe to kilometer.
Den er no teken i bruk, fortel Tor-Arne Remme i Stranda Energi. Også der er det lagt røyr for fiberkabel.
-Planen er å forsterke høgspentlinja heilt til Frøysa. Frå Kjellsmyra i Steimsåsane går vi i luftspenn grunna mykje fjell i Steimsåsane. Frå området ved Sunnylvsbygda grendahus er det jordkabel igjen til Frøysa.
Stranda Energi klargjer med røyr for fiber, men når brukarar kan få tilbod om internett gjennom kabel er usikkert enno. Når det gjeld høgspentlinja blir den dimensjonert for eventuelle kraftutbyggingar i Sunnylvsbygda. seier Tor-Arne Remme i nett- og planlegging i Stranda Energi.
Det er kjent at vassdraga i Sunnylvsbygda har potensiale for betydeleg kraftutbygging.