Inviterer til korkafé

Ungdomskoret Joyful under julekonsert i Sunnylven kyrkje 2013.

Ungdomskoret Joyful under julekonsert i Sunnylven kyrkje 2013.

Komande laurdag inviterer leiinga for ungdomskoret Joyful til korkafé i Sunnylven kyrkjelydshus, til ei triveleg stund med servering, song og lotteri.
Fredrik Stadheim – 06.03.2014 08:47:46
Laurdag 8. mars vartar leiinga for Joyful opp med sal av graut, kaffi og kaker. I tillegg kan vinnarlukka på tombola testast med kjøp av snurrelodd.

Og som ikkje det var god nok grunn for å kome innom Kyrkjelydshuset på Hellesylt mellom kl. 12.00 og 15.00 på laurdag, vil det flotte ungdomskoret by på vakker song.
Ca. kl. 13.00 framfører Joyful både “gamle” og nye songar i både norsk og engelsk språkdrakt. Det blir ei ny gla`stund for alle frammøtte.

Koret blir også å høyre under gudsteneste i Stranda kyrkje 9. mars og i Sunnylven kyrkje 23. mars.
Korkaféen er open for alle og leiinga håper mange kjem innom og støttar koret.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380