KM-tittel til Andrine Støverstein

På Ullsheim med Markane IL som arrangør vart det avvikla KM fellesstart skiskyting i helga. Sunnylven IL var representert med mange løparar.
Fredrik Stadheim – 24.03.2014 15:49:37
Foto: Magne Brekke.
Andrine Støverstein, Sunnylven IL i J 13 (1-3)gjekk heilt til topps i si klasse og til gull og krinsmeistertittel i fellesstart skiskyting på Ullsheim søndag.
Inger Ringdal Sæter i J 14 kom på andre plass og sølv (2-4), og Emilie Brekke i J 15 på tredje plass og bronsemedalje (1-0).
Andre deltakarar frå Sunnylven IL:
G 13: 5. pl. Kasper Ringdal (2-1)
G 15: 6. pl. Ottar Frøysa Hellebostad (1-2)
I yngre klasser, ikkje registrert i KM-konkurransen.
10 år og yngre: Lone Ringdal og Emil Norangshol.
11 år: Ruben Støverstein
12 år: Simen Frøysa Hellebostad og Markus Norangshol