Mange innom Café Snurrepiperier

Laila Røyrhus til høgre og Torunn Hauge viser fram av det publikum kunne sjå på Cafe Snurrepiperier laurdag.

Laila Røyrhus til høgre og Torunn Hauge viser fram av det publikum kunne sjå på Cafe Snurrepiperier laurdag.

Sunnylven Bygdekvinnelag sin Café Snurrepiperier på Sunnylven samfunnshus laurdag vart godt besøkt. Utstillinga viste baby-klede frå før 1970.
Fredrik Stadheim – 23.03.2014 09:12:38
Mange gonger i året blir det inviterte til laurdagskafé i Sunnylven, arrangement som mange sluttar opp om.
Slik også sist laurdag då Sunnylven Bygdekvinnelag hadde utstilling av baby-klede og sal av smørbrød, kaker og kaffi.

Utstillinga viste babyklede som var brukt for 40 år og lenger tilbake, men også fleire fine dukker og vugger.

Sunnylven Bygdekvinnelag sin Café Snurrepiperier blir arrangert anna kvart år, fortalde styremedlem Laila Røyrhus.
Neste år blir det besøk på Sunnylven skule med eit trivselstiltak der. Då skal Bygdekvinnelaget servere potetball til alle elevar og tilsette ved skulen, fortalde ho.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380