Mange kom på fastelavnskafe

Fastelavnskafeen til Sunnylven sanitetslag vart ein stor suksess. Lokala i Peer Gynt Galleriet var overstrøymde av folk dei tre timane kafeen varte.
Fredrik Stadheim – 02.03.2014 08:27:10
Både bygdefolk og tilreisande slutta stort opp om tiltaket til Sunnylven sanitetslag laurdag. Å kunne kome saman og slå av ein prat over kaffikoppen var tydeleg noko mange sette pris på.
Og sanitetslaget hadde meir enn kaffi å by fram. Både fleire gode kaker og kremfylte fastelavnsbollar gjekk unna. I tillegg var det godt sal av merkevara til saniteten, fastelavnsris og fargerike fjører som etter kvart pynta opp eit flott og rankt bjørketre inne på Peer Gynt Galleriet.
Heile 10.000.- kroner kom inn på arrangementet, eit beløp som leiinga i sanitetslaget var strålande godt nøgde med. Overskotet av fastelavnsarrangementet går til Sunnylven omsorgssenter og innkjøp av blodtrykksmålar, fekk vi opplyst.