Markerte 1814 i kyrkja

Konfirmantane deltok i gudstenesta saman med sokneprest Stein Bernhard Karstensen.

Konfirmantane deltok i gudstenesta saman med sokneprest Stein Bernhard Karstensen.

Mange kom til kyrkje i Sunnylven søndag, til markering av 1814, dåp og nattverd.
Fredrik Stadheim – 03.03.2014 08:10:37
I starten av gudstenesta i Sunnylven kyrkje vart 200-års jubileet for 1814 markert. Inghild Storstein las ein prolog skriven av forfattar Edvart Hoem. Denne prologen har blitt lest opp i alle kyrkjer i landet no sist søndag og for ei veke sidan.

Under gudstenesta var det dåp av to born, Emma og Martine. Sokneprest Stein Bernhard Karstensen heldt preika i den gamle svarte prestekjolen med kvit rund krage.

Også konfirmantane tok del under gudstenesta med tekstlesing, song og innsamling av offer som gjekk til kirkens SOS. På kyrkjeorgelet sytte Lars Kvam Karbø for tonefylje til salmesongen, og etter nattverd vart det servert kyrkjekaffi.

Lars Kvam Karbø ved kyrkjeorgelet

Lars Kvam Karbø ved kyrkjeorgelet

Inghild Storstein las prolog av Edvart Hoem.

Inghild Storstein las prolog av Edvart Hoem.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380