Markerte grunnlovsjubileet

Astrid Overaa saman med born frå Ringstad skule fortalde og dramatiserte eventyr.

Astrid Overaa saman med born frå Ringstad skule fortalde og dramatiserte eventyr.

Det var god plass til fleire i Storfjord kulturhus då Stranda kommune inviterte til grunnlovsjubileum laurdag. Astrid Overaa hadde laga den historiske framsyninga med tittelen “Hipp Hurra”.
Fredrik Stadheim – 16.03.2014 09:42:03
Medverkande i familieframsyninga i Storfjord kulturhus var Astrid Overaa, Gunnar Inge Eide på piano og elevar frå Ringstad skule og Stranda Ungdomsskule. Ungdom frå Sunnylven frå barneleikarringen og ungdomskoret Joyful utgjorde fleirtalet av dei medverkande.

Forteljinga til Astrid Overaa tok føre seg historiske fakta frå då 112 menn samla seg på Eidsvoll i april 1814. I samtale med ein elev fortalde Overaa om det som skjedde i dei seks vekene samlinga varte og som resulterte i 112 paragrafar. 17. mai 1814 var grunnlova for Norge ferdig.
Ein av dei som vart til stades var Kristian Magnus Falsen som blir kalla for grunnlovas far, fortalde Overaa.

Grunnlova gav oss eit fritt land og eit demokrati. Det gjekk likevel mange år før alle fekk stemmerett i Norge, for menn vart den allmen i 1898 og for kvinner i 1913.

Den timelange familieforestillinga i Storfjord kulturhus var krydra med både allsong, kulturelle innslag frå barneleikarringen i Hellesylt ungdomslag og vakker song frå ungdomskoret Joyful.
Alle flotte innslag som også ordføraren merka seg. I sin apell tok han fram den verdi desse unge kulturspreiarane og leiarane deira bidreg med.
-Dei formidlar verdiar vi må ta vare på, og som er like viktige å snakke om som verdsarv og kor mange pizza vi produserer, sa ordføraren mellom anna.
Han fortalde at han er invitert til grunnlovsjubileum i Oslo i mai og med besøk på slottet. Det gleda han seg til.

Barneleikarring frå Hellesylt Ungdomslag var dyktige og viste stor danseglede.

Barneleikarring frå Hellesylt Ungdomslag var dyktige og viste stor danseglede.

Ungdomskoret Joyful frå Hellesylt, alltid like melodiøst og vakkert frå unge røyster.

Ungdomskoret Joyful frå Hellesylt, alltid like melodiøst og vakkert frå unge røyster.

Elevar frå Ringstad skule song og jubla med flagget.

Elevar frå Ringstad skule song og jubla med flagget.

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad heldt apell og rosa dei mange flotte kulturinnslaga frå unge aktørar.

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad heldt apell og rosa dei mange flotte kulturinnslaga frå unge aktørar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380