Markerte seg under VM.

Inger Ringdal Sæter, Sunnylven IL, til høgre på biletet sikra seg både sølv og bronse under Vestlandsmeisterskapen i skiskyting i helga. (Foto: Privat)

Inger Ringdal Sæter, Sunnylven IL, til høgre på biletet sikra seg både sølv og bronse under Vestlandsmeisterskapen i skiskyting i helga. (Foto: Privat)

Sunnylven IL sine skiskyttarar fekk gode plasseringar under Vestlandsmeisterskap i skiskyting sist helg. Best var Trygve Aaland Tryggestad med to VM-tittlar og Inge Elise Vik med eitt gull.

Fredrik Stadheim – 17.03.2014 08:11:27
Trygve Aaland Tryggestad kunne vende heim frå Vik i Sogn som dobbelt Vestlandsmeister i skiskyting i M 19 år der det var sprint på laurdag og normalprogram søndag.

Inga Elise Vik deltok berre laurdag. Ho var einaste deltakar i klasse K 18 år, men etter eit godt renn fekk ho si velfortente gullmedalje.

Emilie Brekke deltok i jenter 15 år på laurdag og gjekk inn til 8. plass etter tre strafferundar.

Ottar Hellebostad kom på 9. plass laurdag med to strafferundar og 8. plass søndag etter tre strafferundar.

Inger Ringdal Sæter lukkast ikkje heilt med skytinga denne helga, men heldt stor fart i løypa. Laurdag vart det andre plass og sølv etter fire strafferundar. Søndag vart ekstrarundane dobbelt så mange, men med beste langrennstid sikra ho seg bronse og ei ny medalje under Vestlandsmeisterskapen.

Alt i alt ei fin helg for skiskyttarane frå Sunnylven IL, Sunnmørsklubben som mange ikkje visste så mykje om frå tidlegare. Under meisterskapen deltok løparar frå heile Vestlandet, frå Fana og Voss i sør til Sunnylven og Volda.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380