Medaljedryss på gevirutstilling

Hanne Kvamme sitt fallgevir fekk høgast poengsum av alle og gullmedalje.

Hanne Kvamme sitt fallgevir fekk høgast poengsum av alle og gullmedalje.

Sunnylven har ei sterk og god hjortestamme. Det meinte domar Øyvind Tjervåg som delte ut mykje edelt metall under gevirutstilling laurdag.
Fredrik Stadheim – 09.03.2014 11:06:26
Gevirdomar Øyvind Tjervåg frå Ulsteinvik var imponert. Nær tretti gevir av hjort og to av villrein var utstilt til bedømming på Sunnylvsbygda grendahus laurdag og dei fleste skåra topp poengsum. Det resulterte i fire gull, 14 sølv og seks bronsemedalje.

Øyvind Tjervåg og assistent Børre Bentsen reiser rundt og premierar gevir over heile Møre & Romsdal. Det blir rundt 50 – 60 for året fortalde Tjervåg.
Ingen stad er antalet så stor og standarden så god som i Sunnylven. Han meiner området må ha ei sterk og god hjortestamme.
-Å skyte høveleg mengde og rette sort dyr er avgjerande for god forvaltning. Og ved å ta ut både store og små dyr vil ein behalde ei god hjortestamme, sa Tjervåg som gjennom kurs i Norges Jæger-og Fiskerforbund har lært hobbyen som gevirdomar.

Jæger og koordinator for utstillinga, Tore Rusten var svært godt nøgd med antall “trofe” som kom til bedømming. Nesten like mange som for fire år sidan. Sjølv hadde han eit villreingevir, skote i Lundadalen i Skjåk og som fekk gullmedalje.
Sambuar Hanne Kvamme kom med beste hjortegevir, eit fallgevir som nådde heile 182.3o poeng, også det til gullmedalje.

Mange var innom utstillinga i løpet av laurdag og bivåna dei mange flotte jakttrofea.

Bjørn Tryggestad skaut kronhjorten med gullgevir på Skylstad, Øye.

Bjørn Tryggestad skaut kronhjorten med gullgevir på Skylstad, Øye.

Tore Rusten med sitt villreingevir.

Tore Rusten med sitt villreingevir.

Ole Johnny Brekke hadde fleire jakttrofe på utstilling av hjortar han hadde skote på Frøysa-flata.

Ole Johnny Brekke hadde fleire jakttrofe på utstilling av hjortar han hadde skote på Frøysa-flata.

Øyvind Tjervåg til venstre og Even Andre Bjørneset i arbeid med bedømming.

Øyvind Tjervåg til venstre og Even Andre Bjørneset i arbeid med bedømming.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380