Mottok 4-H plaketten

Helge Kvam Karbø var ein av 26 4-H medlemar som vart tildelt plaketten under ei tilstelling på Molde laurdag.
Fredrik Stadheim – 15.03.2014 22:38:17
Helge Kvam Karbø har vore medlem i Fjellrosa 4-H i Sunnylven, Stranda kommune sin einaste 4-H klubb.
Han starta som aspirant i 10-års alder, og har kvart år sidan fullført oppgåver og til eit nytt merke i bronse, sølv, gull eller fagskjold.
Sist haust mottok han plakettnåla etter å ha fullført den siste oppgåva som 4-H-medlem som var “Ku og kalv”.
Laurdag tok han turen til Molder der han saman med 25 andre fekk tildelt 4-H plaketten, den høgaste utmerkinga i organisasjonen.