Musikalsk reise jorda rundt

doc_4023_2

Onsdag fekk småskulen og mellomsteget ved Sunnylven skule vere med på ein fantastisk flott skuletime. Ei musikalsk reise jorda rundt.

Fredrik Stadheim – 27.03.2014 08:04:43
Lærarar ved kulturskulen i Stranda var vertskap og utøvarar for den flotte musikalske samlinga i gymmsalen ved Sunnylven skule.
Timen vart nok ei stor oppleving musikalsk, men elevane vart også kjende med fleire typer instrument som dei dyktige musikarane trakterte.

Askjell Molvær, Synnøve Hjellbakk Hole, Erik Torset, André Ramstad og Gunnar Inge Eide leika seg på instrumenta og fann tonar og rytmer frå både piano, fele, tverrfløyte, gitar, banjo, klarinett, mandolin og bass.
I tillegg viste dei fram og bles lyd i instrument som truleg ikkje har blitt vist på Sunnylven skule før, mellom anna frå Australia og India.

Den musikalske reisa starta i Sør-Amerika med “El Condor Pasa”, ein melodi duoen Simon & Garfunkel gjorde udødeleg.
Deretter kom musikk frå dei Vest-Indiske øyar og frå Nord-Amerika. Svingande rytmer som også elevane tok del i og klappa taktfast med.

Frå Amerika gjekk reisa over til Europa, til toradorens Spania.
Seinare i den 45 minutt lange musikktimen hadde lærarane leita fram noteark frå Italia, Polen og Irland før dei avslutta med Norske folketonar og slåttar, og ein reinlendar frå Nordfjord.
Det heile var ei fantastisk flott musikalsk oppleving frå dyktige formidlarar.

For ei veke sidan heldt lærarar frå kulturskulen ein liknande konsert på Ringstad skule. Der var heilt fullt med rundt 300 elevar til stades.

Kulturskulen i Stranda har store kvalitetar og må få utvikle seg vidare. Om ein liten månad og før 1. mai er det søknadsfrist til opptak i kulturskulen. Som konserten viste er det eit breitt register instrument å velje mellom for dei som vil satse på musikk.

Gunnar Inge Eide trakterte fleire instrument, mellom anna bass.

Gunnar Inge Eide trakterte fleire instrument, mellom anna bass.

Askjell Molvær, her med tverrfløyte og Synnøve Hjellbakk Hole på fele.

Askjell Molvær, her med tverrfløyte og Synnøve Hjellbakk Hole på fele.

To gitaristar, Erik Torset til venstre og Andre Ramstad.

To gitaristar, Erik Torset til venstre og Andre Ramstad.

Det var tydeleg at elevane lika skuletimen og den musikalske reisa jorda rundt.

Det var tydeleg at elevane lika skuletimen og den musikalske reisa jorda rundt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380