Nesten siger i Sparebanken Møre Cup

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL deltok i sprint under Sparebanken Møre Cup sitt renn i Stordal laurdag. Det vart til slutt ein andre plass i J 12 år.
Fredrik Stadheim – 24.03.2014 14:24:43
Møre og Romsdal sin Sparebanken Møre Cup hadde avslutningsrenn i helga, sprint laurdag med Stordal IL som arrangør og normaldistansar med Valldal IL søndag.
Frå Sunnylven IL deltok Kristine Hjellbakk Hole på sprint i Stordal.
Ho kom til slutt på ein flott andre plass etter same plassering i innleiande runde. Eit uhell like før målgang i finalen øydela for den fyrste sigeren i eit fylkesrenn.
Etter at Sunnylven IL i fleire sesongar var mellom dei store med mange deltakarar i langrenn i Møre og Romsdal skikrets har det vore smått dei siste sesongane.
Ei utvikling mange undrar seg over.
I helga viste Kristine Hjellbakk Hole at også løparar frå Sunnylven IL kan hevde seg mellom dei beste i fylket.
Så håpet må vere at langt fleire frå Sunnylven IL blir å finne på skikretsen sine resultatlister til neste og komande vintrar.