Skiskyting i Hyttehola

Laurdag 29. og søndag 30. mars er det krinsrenn i skiskyting i Hyttehola. Rundt hundre deltakarane har meldt sin ankomst.
Fredrik Stadheim – 27.03.2014 08:23:18
Grunna ein snøfattig vinter er konkurransane til helga dei fyrste i skiskyttaranlegget i Hyttehola denne sesongen. Forholda i anlegget som vart offisielt opna 28. mars 2009 og som rundar fem år dagen før fyrste konkurransedag, er gode med nok snø.
Leiar i skiskyttargruppa i Sunnylven IL, Magne Brekke håper at publikum møter fram for å oppleve spanande idrett på nært hald.
Arrangørklubben Sunnylven IL har sine beste skiskyttarar på NM på Voss denne helga, men stiller til start i krinsrennet med mange unge og talentfulle deltakarar. Rennet er for alle klasser frå nybyjarar til senior.
Det er lova sol og fint ver så i Hyttehola blir det ein forsmak på god påskestemning, trur Brekke.