
Rundt hundre deltakarar stilte til start begge dagar då Sunnylven IL arrangerte krinsrenn i skiskyting i Hyttehola laurdag og søndag.
Fredrik Stadheim – 31.03.2014 09:38:30
Foto: Magne Brekke.
Sunnylven IL var som vanleg dyktig arrangør då vinterens fyrste krinsrenn vart avvikla i Hyttehola sist helg.
I motsetning til tidlegare i vinter var det nok snø i skianlegget, og ikkje minst kunne arrangøren by på eit strålande ver med sol og vindstille.
Også konkurransane vart greitt avvikla noko som gav positive tilbakemeldingar frå dei mange tilreisande frå nabofylket. Stårheim IL stilte mange løparar i krinsrennet, det same gjorde Markane IL og Hornindal IL.
Frå arrangørklubben Sunnylven IL deltok 19 løparar søndag som gjekk til både klassesigrar og fleire pallplasseringar til Sunnylven IL.
Vi manglar resultatliste frå laurdag, men tek med plasseringar til Sunnylven IL sine løparar frå sprint søndag:
Jenter 10 år og yngre: Lone Ringdal (2-1). Sofie Støverstein (2-0)
Jenter 11-12 år: Sara Sæther (0-0). Johanne Ringdal Sæter (1-1)
Gutar 10 år og yngre: Elias Helset (0-1). Emil Norangshol (0-1)
Gutar 11 år: 3. Ruben Støverstein (1-2). 6. Espen Ringdal (1-0)
Gutar 12 år: 4. Simen Frøysa Hellebostad (0-0) 9. Markus Norangshol 3-2). 10. Jakob Sæther (5-1)
Jenter 13 år: 2. Andrine Støverstein (0-2)
Gutar 13 år: Kasper Ringdal (2-2)
Jenter 14 år: 1. Inger Ringdal Sæter (3-2)
Gutar 14 år: 3. Brede Ringdal (3-3)
Jenter 15 år: 3. Emilie Brekke (3-1) 5. Hege Ringdal (2-3)
Gutar 15 år: 5. Ottar Frøysa Hellebostad (0-2)
Menn 19 år: 1. Helge Kvam Karbø ((1-1)



