Søkjer om å lande på Helsetkopen

I høve basehoppkonkurranse ynskjer X2 Festivalen å nytte helikopter til Helsetkopen.

I høve basehoppkonkurranse ynskjer X2 Festivalen å nytte helikopter til Helsetkopen.

X2 Festivalen søkjer Stranda kommune om løyve til å lande med helikopter på Helsetkopen i høve basehopping i april.
Fredrik Stadheim – 04.03.2014 10:38:34
X2 Festivalen med base i Volda tilbyr det meste innen opplevingar, friluftsliv og ekstremsport. Deltakarane konkurrerer både i norgescup og NM.

I år satsar festivalen på ei ny sportsgrein som har fått namnet Xair. Bak den nye greina står Lesja og Føniks Fallskjermklubb, Ålesund Fallskjermklubb og Stratus Paragliding klubb. Nord Helikopter og Volda Ørsta småflyklubb er samarbeidspartnarar.

I Xair må deltakarane meistre både paragliding, fallskjerm –og basehopping. Paragliding vil foregå i Ørsta, fallskjermhopping i Volda og basehopping har leiinga tenkt lagt til Hellesylt. Tidlegare har X2 Festivalen arrangert Norgescup i kajakking i Bygdaelva i Sunnylven.

X2 Festivalen søkjer Stranda kommune om løyve til å lande med helikopter på Helsetkopen i tida 4. og 5. april. Helikopteret vil transportere basehopparar, ein hovedansvarleg og eit filmteam til toppen, skriv festivalarrangøren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380