Lokalnytt

Stiller ut hjortegevir

Frå gevirutstillinga i 2010. Tore Rusten viser eit eksemplar som vart premiert med gullmedalje.
Frå gevirutstillinga i 2010. Tore Rusten viser eit eksemplar som vart premiert med gullmedalje.

For andre gong blir det utstilling av kronhjorten sitt hovudpryd i Sunnylvsbygda grendahus. Laurdag 8. mars skal dei beste av fleirtagga gevir premierast.
Fredrik Stadheim – 07.03.2014 07:28:34
I 2010 viste treffsikre jægerar fram sine beste trofe frå hjortejakt i Sunnylven. Over 30 gevir var med på utstilling i Sunnylvsbygda Gendahus, Hauge og to fekk gullmedalje, 17 sølv og 12 bronse.

No, fire jaktsesongar seinare er det klart for ny utstilling, fortel jæger og koordinator for utstillinga, Tore Rusten. Han lovar ikkje så mange gevir utstilt denne gongen, kanskje rundt 20, men trur på staslege eksemplar.
Det blir garantert jakttrofe med tosifra antall taggar på, lovar han.

Det trur vi så gjerne. Mange flotte hjortedyr har stubba for velretta avtrekk dei siste jaktsesongane, så utstillinga er verdt eit besøk. Den er opa for publikum frå kl. 11.00 laurdag 8. mars.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380