Temakveld om mobbing engasjerte

Møtet som FAU ved Sunnylven skule arrangerte om mobbing engasjerte mange. Rundt 60 elevar og foreldre var samla på Sunnylven samfunnshus tysdag ettermiddag.
Fredrik Stadheim – 25.03.2014 22:20:56
I skuletida på tysdag hadde styreleiar i Mental Helse Ungdom, Adrian Lorentsson og styremedlem i same organisasjon, Steffen Ekren samtalar med elevar frå småskulen og mellomsteget der dei snakka om mobbing.
Seinare var det møte for ungdomssteget, foreldre og andre interesserte der dei fortalde om eigne opplevingar som mobbeoffer. Sterke historier som fekk forsamlinga til å lytte.
Vart mobbar
-Mobbing hindrar grunnleggjande rettar til å delta i aktivitetar i samfunnet. Det er difor viktig å snakke ut om mobbing tidleg fordi det er lettare å gjere noko med det når ein er unge.
Vi har alle ansvar for å ta vare på oss sjølve, men også at dei rundt oss har det bra. Ver gode rollemodellar for kvarandre, var oppmodinga frå Lorentsson.
Sjølv var han blitt mobba, men vart etter kvart ein mobbar sjølv. Ein måte å få fokus vekk frå seg sjølv som mobbeoffer. Det var ein svart flekk i livet som han framleis sleit med, vedgjekk Lorentsson.
Spørjeskjema
Roar Seljeset frå leiinga ved Sunnylven skule takka dei to tilreisande. Ved Sunnylven skule følte ikkje leiinga at mobbing var eit problem, men var klar over at det kunne dukke opp.
Skulle det skje ville skulen ta tak, men kunne ikkje løyse det åleine. Det måtte bli i samarbeid med foreldra, sa Seljeset.
Han opplyste at skulen om få dagar ville sende heim med elevane eit spørjeskjema om korleis den enkelte opplevde dagane på Sunnylven skule.
Bok i gåve
Leiar i FAU, Wenche Ringdal takka også Adrian Lorentsson og Steffen Ekren for deira bidrag for ei viktig sak. Ho overrekte dei kvar si bok i gåve, ei bok av Arild Flydal om liver og buplassar langs fjorden.
Ingen av dei to hadde vore på Hellesylt før, men hadde fått eit positivt inntrykk av staden og av skulen.