Lokalnytt

Temamøte om mobbing

doc_4013_4
Adrian Lorentsson
Steffen Ekren
Steffen Ekren

Komande tysdag arrangerer FAU ved Sunnylven skule temamøte om mobbing og mental helse. Møtet er spesielt retta mot born og ungdom.

Fredrik Stadheim – 21.03.2014 14:53:10
Til møtet på Sunnylven samfunnshus tysdag har foreldrerådet sitt arbeidsutval ved Sunnylven skule sikra seg Steffen Ekren, styremedlem og Adrian Lorentsson, styreleiar i Mental Helse Ungdom til å fortelje og halde føredrag.

I ei landsomfattande elevundersøking i 2011 svara 8.5 prosent av elevane at dei blei mobba fleire gonger i løpet av ein månad.
Mental Helse Ungdom synest dette er alarmerande og ynskjer å jobbe for viktigheita av å oppdage mobbing og gjere noko med det så tidleg som råd.

På møtet på Sunnylven samfunnshus (sjå aktivitetskalendar) vil Ekren og Lorentsson vinkle fokus på mobbing både på arbeidsplassar, fritidsarenaer og i skulekvardagen, om åpenheit om psykiske lidingar, og om godt utbygde lavterskeltilbod for born og unge i vanskelege periodar.

På tysdag vil Ekren og Lorentsson møte elevar på småskule- og mellomsteget i andre undervisningsøkta.
Seinare same dag frå kl. 16.30 blir det ope møte på samfunnshuset der elevar i undomsskulen, foreldre og andre interesserte er velkomne.
Gratis inngang. Enkel servering.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380