LokalnyttLokalsport

Blanke medaljer i skicupen

doc_4063_2

Skigruppa dryssa ut edelt metall til unge skitalent under premiefest for Sunnylvscupen på ski tysdag. Der fekk også mange bingospelarar flotte premiar.
Fredrik Stadheim – 15.04.2014 22:37:47
Skigruppa i Sunnylven IL hadde ein vanskeleg vinter. Lite snø gjorde det umogeleg å arrangere langrenn i både januar og februar.
Det vart alternative arrangement, trimturar i tursko både til Frøysadal og i skianlegget i Hyttehola.

I mars kom snøen og alle kunne leite fram skia. Langrennsgruppa nytta høvet og arrangerte tre cuprenn med god oppslutning i løpet av tre veker.

Tysdag i påskeveka var det premiefest og bingo på Sunnylven samfunnshus med stort frammøte. Heile 81 løparar fekk sine medaljar for flott innsats under cuparrangementa, premiar som fekk fram det store smilet hos gullvinnarane.
Premiane vart overrekt av Anniken Hjellbakk Hole, klubben sin beste kvinnelege langrennsløpar.

Størst deltaking var det i dei yngste klassene. Gruppa sju år og yngre hadde 25 deltakarar, nokre av dei var berre fylt to år.
Så minka det av i alle aldersklasser.

Gisle Aaland frå skigruppa summerte opp frå ein litt vanskeleg skisesong og takka alle som hadde hjelp til med gjennomføringa.
Han nemnde spesielt dei to som hadde køyrt trekkemaskina og preparert løyper, Trond Åge Dyrkorn og Tor Odd Kjellstadli.

Før og etter premieutdelinga vart det spela bingo der gevinstane var gjevne av næringslivet i Sunnylven, Stranda, Hornindal og Stryn.

doc_4063_13

doc_4063_14

doc_4063_15

doc_4063_16

doc_4063_17

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380