Dancing Queens fylte Storfjord kulturhus.
Laurdag kveld fekk alle ABBA-frelste servert ein godtepose av dei aller beste i Storfjord kulturhus. Dancing Queens fylt huset til siste stolsete.
Fredrik Stadheim – 06.04.2014 13:33:26
Dei 16 song og danseaktørane som begeistra til trampeklapp i Storfjord kulturhus kom frå London. Frå scena serverte dei eit nonstop show i nær tre timar berre avbrote av ei kort pause.
Det vart ei framsyning som ABBA-elskarar seint vil gløyme. Vi let oss storleg imponere over presisjon i dans, kostymer og sceneskifte og av talentfulle solistar.
I storstova på Stranda strøymde det på med kjende storhits som SOS, Fernando, The Winner Takes It All, Mamma Mia, Dancing Queens og ei lang, lang rekke av andre topplåtar frå ABBA, den mest suksessrike gruppa som nokon gong har kome frå dei skandinaviske landa.
Og truleg blir det lenge til musikkverda får oppleve noko liknande. Atistgruppa frå London var gode ambassadørar for fantastisk popmusikk.