“Den Gyldne spaserstokk”

I Sunnylven er trimmen “Den gyldne spaserstokk” eit opplegg mellom Sunnylven sanitetslag og Sparebanken Møre. Under Vårtreff 60 pluss vart lista med 22 premierte lese opp.
Fredrik Stadheim – 07.04.2014 07:58:32
Grunna seminar for tilsette i Sparebanken Møre var ingen frå banken til stades under Vårtreffet laurdag. Der vart det ikkje delt ut merker, men lista over dei premierte vart lese opp.
Merka kan vinnarane hente i Sparebanken Møre, Hellesylt, eller dei vert sende i posten, vart det opplyst.
Her er deltakarar i «Den gyldne spaserstokk” som skal ha merker:
14-års merke: Anne Gausdal
13.års merke: Arnfinn Tryggestad
12-års merke: Kirsten Gjørvad, Åge Gjørvad
11-års merke: Oddny Rudi, Knut Tryggestad, Reidun Tryggestad
9-års merke: Åse Marit T. Lie
8-års merke: Sonja Hole, Roger Tryggestad
Gullnål: Ruth Frøysa, Magnhild Hole, Sonja Fjørtoft Hole, Anne Marie Stokke, Einar Stokke, Arne Tronstad, Ingebjørg Tryggestad
Gullmerke: Odd Jostein Bjørdal
Sølvmerke: Magne Hole
Stokk: Lars O. Fivelstad, Fredrik Stadheim, Bjarne Sjåstad.