Grand Hotel forfell

Gamle, ærverdige Grand Hotel på Hellesylt råtnar. Listverk ramlar av og heile bygget “ropar” etter eit målingsstrøk. Men målarar kjem ikkje.
Fredrik Stadheim – 03.04.2014 22:39:04
Mange på Hellesylt reagerer no på tilstanden til Grand Hotel. Forfallet er synbart og bygget blir etter kvart ei skam for turiststaden Hellesylt, blir det sagt.
Etter oppmoding har næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal sendt e-post til 62°NORD med spørsmål om kva som skjer med det gamle hotellet.
Frå konstituert dagleg leiar i selskapet, Marius L. Petersen har kome svar. Der går det fram at ansvaret for Grand Hotel på Hellesylt vart flytta frå 62°NORD til Flakk International i 2013.
I desse dagar blir det lyst ut ei stilling som eigedomsforvalter, ei stillingen som også skal omfatte Grand Hotel på Hellesylt, skriv Marius L. Petersen i svaret til næringssjefen. Andre tiltak eller vedlikehald blir ikkje lova.