Lokalnytt

Inge Bjørdal ny leiar i Sunnylven samfunnshus P/L

Nyvalt leiar i Sunnylven samfunnshus P/L, Inge Bjørdal
Nyvalt leiar i Sunnylven samfunnshus P/L, Inge Bjørdal

 

Inge Bjørdal vart vald til leiar i styret for Sunnylven samfunnshus P/L på årssamling torsdag. 19 representantar frå lag og organisasjonar møtte.

Fredrik Stadheim – 03.04.2014 23:03:26
Det har ikkje blitt halde årsmøte i partslaget på lenge, så årsmeldinga frå styret omhandla heile fem år. Den vart vedteke samrøystes.

På møtet vart det også lagt fram rekneskap for alle år frå siste årsmøte, rekneskapstal som også vart samrøystes godkjent.
Ein trend dei siste åra har vore at leigeinntektene har gått ned. Sunnylven samfunnshus P/L står seg likevel godt økonomisk med pengar på bok i Sparebanken Møre.
Sum eigendeler til partslaget var 31/12 – 13 på 900.000.- kroner.

Val.
Inge Bjørdal vart vald til ny leiar i styret.
Styremedlemer er Ole Aasen (attval), Magnar Hauge (attval), Annvor Tryggestad (ny), Bjørn Tryggestad (ny).
Varamedlemer: 1. Leif Egil Åsen, 2. Olveig Brandvoll, 3. Per Ottar Alme.
Valnemnd: Geir Frøysa, Egil Røyrhus.
Revisor: Oddbjørg Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380