Lokalnytt

Jubla for vakre Hellesylt

Jack Hembre frå Australia jubla over å få kome til vakre Hellesylt og fantastiske forhold i Bygdaelva. Han var ein av 21 som konkurrerte i elvepadling i fossefalla i Steimsåsane.
Fredrik Stadheim – 05.04.2014 16:57:22
X2 Festivalen med sine mange spreke sportsgreiner flytta seg frå Ørsta til Bygdaelva i Sunnylven med konkurransen i elvepadling laurdag.
Der fann dei ideelle forhold, det kunne Joar Wæhle hos arrangøren slå fast. Vassføringa var lita, men god nok.
Der var trygt og teknisk flotte forhold til å gjennomføre konkurransen, ei elv med fossestryk utan stein, men med blankskura svaberg. Dermed heller ingen fåre for å skade kajakkane, sa Wæhle.

Det vart padla to omgongar av kvar deltakar og best tid samanlagt vart vinnar. Padlekonkurransen hadde brei internasjonal deltaking frå både Sveits, Austerrike, Costa Rica og Australia.
Sjølvsagt var dei beste frå Norge også med, totalt 17 menn og 4 kvinner.

Kjempeartig

Jack Hembre driv med elvepadling mest på all si fritid. Han var frå Australia, men har budd i Sjørdal dei siste 13 åra.
No studerer Hembre i Sogndal og brukar all si fritid og minst to månader om sommaren på elvepadling. Det er ein sport han tykkjer er kjempeartig og som han har drive med dei siste fire åra.
Når ein då kunne kome til ei så fin bygd som Hellesylt og i tillegg utøve sporten under så flotte forhold var det berre topp, sa Jack Hambre.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380