Mange innom trollnibba.com

Kamilla Stadheim satsar på netthandel, men har også mykje varer i butikken.

Kamilla Stadheim satsar på netthandel, men har også mykje varer i butikken.

For snart seks veker sidan opna Trollnibba Sport & Fritid på Hellesylt. Kamilla Stadheim og sambuar Harald Bjørlykhaug står bak forretninga som har dagleg ope frå kl. 11.00 til 18.00.
Fredrik Stadheim – 09.04.2014 16:11:20
Kamilla Stadheim var i butikken då vi stakk innom lokala i Coop-bygget på Hellesylt. Der er ikkje alt for mange kvadratmeter til rådvelde, men utforming og innreiing er smart og praktisk.
På bord og i hyller finn ein sport- og fritidsmodellar av sko og klede for born, men også for vaksne.

www.trollnibba.com

-Vi har ikkje så mykje plass til å stille ut på så vi satsar mykje på netthandel.
På nettsida www.trollnibba.com har mange vore innom alt og fleire har tinga varer. Der kan ein navigere lett og leite fram dei varer ein vil ha, modell, farge og storleik og klikkar på handlekorga, seier Kamilla.
Ho har utvikla sida og lagt inn mange vareartiklar alt, og ho oppmodar om å følgje med på sida, for stadig vil det kome nytt, seier ho.

Ideen til namnet

Trollnibba Sport & Fritid er einaste butikken på Hellesylt med sport og fritidsklær. Korleis namnet kom til fortalde Harald Bjørlykhaug like etter opning i mars.
Kamilla og Harald bur i byggefeltet på Reset på Hellesylt.
Dagleg køyrer dei over Høge bru til sentrum. I elvejuvet ved brua er det ofte ei trolsk stemning, spesielt når det blå lyset er på om kveldane.
Ser ein i den andre retninga kneisar Steimsnibba 1285 meter høg. Slik kom ideen til namnet Trollnibba Sport & Fritid”, fortalde Harald Bjørlykhaug.

Veskekolleksjon

Fredag kveld presenterer Schermann Ringdal sin haustkolleksjon av nye vesker i lokala til Trollnibba Sport & Fritid, fortel Kamilla Stadheim.
Ni nye modellar i ulike fargar kan ein ta i augesyn i forretninga som også har sal av tidlegare modellar av vesker frå Schermann Ringdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380