Mykje skjer til helga

Kafe og sal av billettar til grendakvelden på Peer Gynt Galleriet laurdag. Her frå eit tidlegare arrangement på kunstsenteret.
Kafe og sal av billettar til grendakvelden på Peer Gynt Galleriet laurdag. Her frå eit tidlegare arrangement på kunstsenteret.

 

Det skjer mykje rundt komande helg i Sunnylven. Her tek vi med det vi veit, men kanskje er ikkje det alt.

Fredrik Stadheim – 08.04.2014 07:47:21
ONSDAG 9. april er det årsmøte i Gamleskulen aktivitetsmuseum. Som kjent kom det på nytt tett tak på det gamle skulebygget i 2013. No planlegg leiinga å måle heile skulehuset utvendig og i tillegg utføre ein del anna vedlikehald. Kom på årsmøte onsdag.

Kva skjer torsdag?

FREDAG reiser Sunnylven/Stranda2 herrer til nabobygda i sør for å delta i Hornindalscup i fotball. Fire laga spelar innleiande kampar slik fredag kveld: kl. 18.00 Hornindal – Stryn 2, og kl. 20.00 Sunnylven – Sæbø. Laurdag er det finalar om plasseringar frå 1 til 4.

LAURDAG blir det kalla inn til dugnad på Hellesylt stadion. Reklameskilt skal på plass og elles anna opprydding etter vinteren. Fyrste seriekamp går i 5. div. herrer tysdag 22. april mellom Sunnylven/Stranda2 og Sæbø.

PÅ DAGTID LAURDAG frå kl. 11.00 til 15.00 inviterer Sunnylven sanitetslag til laurdagskafé på Peer Gynt Galleriet. Møt opp i kaféen på kunstsenteret og slå av ein prat med naboar og heimvende påskegjestar.

UNDER LAURDAGSKAFÉEN blir det også førehandssal av billettar til grendakvelden med “Sjøarane”. Salet foregår mellom kl. 12.00 og 14.00.

GRENDAKVELDEN. Så blir det mykje moro og “hela i taket” seinare laurdag kveld når den årlege grendakvelden går av stabelen. “Sjøarane” har førebudd seg godt og lovar servering av eit knakande godt program med masse sleivspark til seg sjølve. Etter program og matservering blir det dans med musikk av Kjetil Grodås.

ØCAL KAFÉ har no lange opningstider kvar dag heile veka. Og softismaskina har starta opp for sesongen og er i produksjon, ha vi fått bekrefta.

SØNDAG 13. april er det gudsteneste med påskemusikal i Sunnylven kyrkje kl. 12.00 (Merk tida)

SJÅ aktivitetskalendar for meir informasjon om det som skjer på Hellesylt og i Sunnylven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380