Opna med tap

Tre minutt i starten og ti på slutten øydela for Sunnylven/Stranda 2 då laget tapte 1-4 for Sæbø på Hellesylt stadion tysdag. Det stod 1-2 ved pause.
Fredrik Stadheim – 23.04.2014 08:56:31
Det var Sæbø som kunne juble mest etter seriestarten i 5. divisjon på Hellesylt stadion tysdag. Laget frå Hjørundfjorden vann heile 4-1 over Sunnylven/Stranda 2.
Skåra på hjørnespark
Trenar Bård Forbord stilte nærmast eit juniorlag mot gjestane Sæbø tysdag. Fleire i spelarstallen slit med skadar, så mannskapet tysdag var noko av det yngste og minst rutinerte Sunnylven/Stranda 2 har stilt med i ein seriekamp for herrer.
Heimelaget fekk ein dårleg start på kampen. Gjestane sjokkopna og hadde skåra to ved Martin Sandbakk og Terje Haugen Øie då stadionuret viste tre minutt.
Etter det kom også heimelaget med i kampen, sto godt i mot mange angrep og skapte eigne målsjansar.
Det var ikkje ufortent at det kom ei redusering etter 23. minutt. Trenar Forbord slo eit godt hjørnespark som måltjuven Alf Ole Sundgot ekspederte i mål. Fleire mål kom ikkje i fyrste omgang og laga gjekk til kvile på 2-1 til Sæbø.
Fekk revansje
Etter pausen var det gjestane som styrte kampen, men Joakim Fivelstad i målet til heimelaget hadde flotte redningar og hindra dei lenge i å skåre. Men etter 78. minutt måtte han kapitulere for ein susar frå Tarald Harstad, og fire minutt seinare for ei ny kanon frå Bjørnar Holen.
Dermed fekk laget frå Hjørundfjorden revansje for cuptapet i Hornindal nyleg og kunne saman med eit titalls supporterar juble for sine tre fyrste poeng i årets serie.
Det er alltid skuffande å tape ein fotballkamp, men sesongen er ung, som spelarstallen til Sunnylven/Stranda 2. Det blir nok poeng også på dei raude og blå som hadde mykje fart i seg, men pasningsspelet kunne vore betre.
Domar Lars Ove Sletta, Langevåg IL delte ut tre gule til Sæbø og to til heimelaget, dei fleste for munnbruk.
5. divisjon herrer.
Sunnylven/Stranda 2 – Sæbø 1-4 (1-2)
Mål Sunnylven /Stranda 2: Alf Ole Sundgot (23)
Mål Sæbø: Martin Sandbakk (1), Terje Haugen Øie (3), Tarald Harstad (78), Bjørnar Holen (81)
Domar: Lars Ove Sletta, Langevåg IL
Publikum: ca. 30 betalande.
Sunnylven/Stranda 2:
Joakim Fivelstad, Magnar Tufte Tyssen, Darius Puljanausk, Henrik Johansen, Helge Kvam Karbø, Trygve Aaland Tryggestad, Bård Forbord, Asbjørn Kvam Karbø, Even Korsadal, Alf Ole Sundgot, Jørgen Helset.
Innbyttarar:
Odin Dyrkorn, Jarl Vegard Røyrhus, Sondre Langlo, Magnus Kaldhusdal.