Planlegg ny straumlinje i Sunnylven

SFE Nett vil kalle inn grunneigarane til nytt informasjonsmøte om 132 kv-linja i løpet av sommaren. (Illustrasjonsfoto)

SFE Nett vil kalle inn grunneigarane til nytt informasjonsmøte om 132 kv-linja i løpet av sommaren. (Illustrasjonsfoto)

Nye kraftprosjekt under planlegging i Sunnylven gjer at Sogn og Fjordane Energi planlegg bygging av ei ny transportlinje for straum gjennom Langedalen frå Nybø ved Hellesylt til Sogn og Fjordane grense.

Fredrik Stadheim – 24.04.2014 10:08:33
Komande måndag er det kalla inn til informasjonsmøte om bygging av ei ny kraftlinje gjennom Langedalen.
Det er Sogn og Fjordane Energi som kallar inn til møtet der også representantar frå Stranda Energi blir til stades.

Planlegg som 132 kv.

Nettsjef Terje Årdal fortel at den tenkte nye linja blir ei rein transportlinje for straum. Den gamle 22 kv-linja i Langedalen blir ståande som i dag for å forsyne området.
SFE vil bygge linja som 132 kv-linje, men den vil bli drifta som 66 kv-linje i starten då linjenettet gjennom Hornindal til Tomasgard også har slik kapasitet.
Årdal fortel at SFE er i gong med å forsterke sine linjer til 132 kv.

Fleire kraftprosjekt

I Sunnylven er seks, sju små og store kraftutbyggingar på trappene. Men linjenettet i området er sprengt så nye utbyggingar stoppar opp, seier Årdal.
Fire kraftverk, Hole, Stadheim, Ringdal og Litlebø er i drift i området i dag, alle med store energitap i linjene på grunn av stor belastning, det går nermast opp i varme i linjene, seier Årdal.
Forsterking av eksisterande linjenett kunne vere ei løysing, men det ville likevel bli for dårleg om ein får bygt ut nye kraftprosjekt, seier han.

Mykje energi

Ei ny linje er difor heilt nødvendig for å få ut straum utan vesentlege tap. Og det er store energimengder det er snakk om, kanskje så mykje som 40 MW.
Forbruket i Sunnylven i dag er 1.5 MW, på ein kald vinterdag kanskje opp i 3.0 MW og på ein fin sommardag i ferien nede på 0.7 på eitt døger, fortel Terje Årdal.

Om alt går som tenkt kan ei ny linje i Langedalen stå ferdig om tre, fire år. Det må bli semje med grunneigarar i området, det er klagefrist og det skal behandlast av NVE. Så kan det lysast ut på anbud før bygging startar.
Å grave ned den nye linja i kabel er ikkje aktuelt på grunn av store kostnader, trur nettsjef Terje Årdal.

Til møtet på Tronstad grendahus måndag 28. april er grunneigarar og andre som blir berørt av traseen og linja innkalla.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380