Presenterer Peer Gynt-relieff på ny måte

Tonny Kalvø frå Brattvåg Elektro har monteringsarbeidet med multimedia-prosjetet ved Peer Gynt Galleriet. Her saman med Per Kjetil Parr til høgre og styremedlem Ole Arnstein Ringdal.
Tonny Kalvø frå Brattvåg Elektro har monteringsarbeidet med multimedia-prosjetet ved Peer Gynt Galleriet. Her saman med Per Kjetil Parr til høgre og styremedlem Ole Arnstein Ringdal.

I Peer Gynt Galleriet på Hellesylt blir arbeida etter kunstnar Oddvin Parr snart presenterast på ein ny måte. Trerelieffa og historia om Peer Gynt blir levandegjort av skodespelar Dennis Storhøi.
Fredrik Stadheim – 08.04.2014 18:19:48
Per Kjetil Parr har teke seg fri frå jobb og kome heim frå Oslo for å realisere ei nyvinning i Peer Gynt Galleriet.
Der blir det montert opp utstyr som skal presentere kunstverka som far til Per Kjetil, kunstnar Oddvin forma dei siste 14 åra han levde. Det vart kunst i verdensklasse.
-Vi skal med lyd og lys prøve å erstatte omvisinga som Oddvin og Kari framførte i mange år, seier Per Kjetil Parr.

Dennis Storhøi sa ja

– Trerelieffa er fantastiske og eineståande, men folk forstår ikkje heilt det dei ser. Bak alle er ei fantastisk historie frå Henrik Ibsen sitt store drama Peer Gynt.
Difor kontakta vi Dennis Storhøi, skodespelar som har hatt hovedrolla som Peer Gynt under forestillingar ved Gålåvatnet i ei årrekke, om han ville lese inn tekstar til dei einskilde bileta, fortel Per Kjetil Parr.
-Dennis Storhøi vart overraska, men glad over å verte spurd om oppdraget og sa ja med ein gong. Det var sjølvsagt at han skulle lese inn illustrasjonar til bileta.
Han har aldri vore på Hellesylt og sett relieffa, men fekk sjå foto av dei. Saman med Storhøi har ei kvinneleg skodespelar Parr ikkje hugsa namnet på i farten, lese inn kommentarar som mor Åse, Solveig og Den Grønkledde, fortel Parr.

Norsk og engelsk

-I foajeen ved kunstsenteret blir det ein fyrste presentasjon av kunstnaren Oddvin Parr, både som tale og på storskjerm frå ein film som David Bradley laga for NRK. Der blir starten på ei omvising og presentasjon med lyd og lys i galleriet som vil vare i om lag 30 minutt. Talen er på både norsk og engelsk.
Der blir ingen guide med, det er lyset som viser kva bilde historia dreiar seg om. Stort sett er det ei teaterforestilling av Peer Gynt med bakgrunnslydar frå både folk, “bukken”, felemusikk, kyrkjeklokker og andre lydar frå naturen, seier Per Kjetil Parr.

Hekta på Peer Gynt

Musikken som går igjen i multimediaforestillinga er frå Edvart Grieg og av musikaren Mike frå London. Engelskmannen kom Per Kjetil Parr i kontakt med gjennom bekjente av bekjente.
-Mike hadde aldri høyrt om Peer Gynt, han hadde ikkje anelse om kva det var. Men på spørsmål om han kunne lage musikk til multimediaprosjektet, vart han interessert og skaffa seg boka som han las ut to gonger frå perm til perm. Han vart heilt hekta, fasinert av historia og sette i gong å skrive musikk, eit arbeid han har brukt ufatteleg mykje tid på. Så musikken i forestillinga er av Edvart Grieg og Mike frå London, seier Per Kjetil Parr.

Uferdig

Styret i Peer Gynt Galleriet har stor tru på at multimediaprosjektet vil føre til auke i talet på besøkande.
-Dette er eit unikt produkt som styret har stor tru på. Økonomisk er det eit stort løft, men vi ville gjere noko for vi har fått tilbakemeldingar om at vi hadde eit uferdig prosjekt.
No blir det ein introduksjon av kunsten med lyd og lys. På den måten kjem Peer Gynt-historia bak kunsten fram.
Det fortener den for kunsten har stor både nasjonal og internasjonal verdi. Vi set på ein kunstskatt av dimensjonar, seier styremedlem Ole Arnstein Ringdal i Peer Gynt Galleriet.

Klart i mai

Prosjektet er finansiert med tilskot frå Innovasjon Norge, eigenkapital og frå einskildpersonar og bedrifter.
Det er Brattvåg Elektro som monterer utstyret, men all rigginga blir ikkje ferdig til påske. Parr må tilbake til Hellesylt seinare for å justere og synkronisere lyd og lys.
-I mai skal det vere klart. Då må vi få til ei opningsforestilling og gjerne med Dennis Storhøi til stades, seier Per Kjetil Parr.

Høyr ein demo av innspelinga her: www.youtube.com/watch?v=itlnqC0dDSI&feature=youtu.be

Peer Gynt relieffa er kunst i verdensklasse, ein kulturskatt av dimensjonar, seier Ole Arnstein Ringdal til venstre. Her saman med Per Kjetil Parr og ved relieffet "Anitra lyder profeten. Farvel."
Peer Gynt relieffa er kunst i verdensklasse, ein kulturskatt av dimensjonar, seier Ole Arnstein Ringdal til venstre. Her saman med Per Kjetil Parr og ved relieffet «Anitra lyder profeten. Farvel.»

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380