Lokalnytt

Skal drive Peer Gynt Galleriet

Her blir nøklar til Peer Gynt Galleriet overrekt av styreleiar Øystein Ljøen til den nye daglege leiaren, John Pele Sundgot.
Her blir nøklar til Peer Gynt Galleriet overrekt av styreleiar Øystein Ljøen til den nye daglege leiaren, John Pele Sundgot.

 

John Pele Sundgot blir ny dagleg leiar ved Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Måndag vart arbeidsavtale signert og nøklar til kunstsenteret overrekt.

Fredrik Stadheim – 14.04.2014 14:41:57
John Pele Sundgot er busett i Ålesund og blir dagpendlar til Hellesylt når han startar opp like over påske. Seinare blir det vekependling, men i hovedsesongen satsar han på å finne seg eit husvære og bu fast på Hellesylt, seier han.

Sin unge alder til trass har 32-åringen god erfaring frå turisme som næring. Frå 2006 og i tre år gjekk han hotellskule i Sveits, før han tok til i jobb ved Oslo Plaza.
Dei siste åra har han gjort sunnmøring av seg med jobbar ved Radisson Hotel i Ålesund og ved Storfjord Hotel.

Sundgot kjenner Hellesylt frå tidlegare då han spela fotball på Sunnylven sitt herrelag. Det vart nær tjue kampar, meinar han, men no har han lagt fotballskorne på hylla.
Han trivst her inne, er kjent i området og med fjorden, og synest turisme er spanande å jobbe med.
Då jobben ved Peer Gynt Galleriet var ledig valte han å søkje og er glad for å bli tilsett i konkurranse med fem andre søkjarar.

-Senteret er eit flott bygg med mykje spanande kunst. Like ved ligg kjøtvarebedrifta Ole Ringdal A/S, eit “stabbur” fullt av gode matvarer som vi må kunne presentere og freiste turistane med.
Eg ynskjer å vere ein ambassadør for nærmiljøet her og vil satse mykje på lokal mat og mattradisjonar, seier John Pele Sundgot.

Opningstider har ikkje den nye daglege leiaren fastsett enno. Det vil bli kjent etter kvart.

Måndag vart arbeidsavtale underteikna av styreleiar Øystein Ljøen til venstre og John Pele Sundgot.
Måndag vart arbeidsavtale underteikna av styreleiar Øystein Ljøen til venstre og John Pele Sundgot.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380