Sterkt av Kari-Anne Tryggestad Ryste
Kari-Anne Tryggestad Ryste frå Sunnylven IL sprang Budapest halvmaraton søndag. Ho vart beste norske deltakar.
Fredrik Stadheim – 14.04.2014 18:11:30
Kari-Anne Tryggestad Ryste, født i 1967 konkurrerer for fullt i lange løp og er bedre trena enn nokon gong. Søndag sprang ho Budapest halvmaraton og kom i mål på 1.35. 13 som gav 17. plass mellom 1800 i kvinneklassa.
Vinnar vart Judit Nagy frå Ungarn på 1.22.55.
Nest beste norske på den 21. km. lange distansen vart Marianne Halvorsen, Hafrsfjord IL med 319 pl. og sluttid 1.53.45. Elise Stette, Skodje vart nr. 546 på 1.58.15.