Tapte på straffespark

Bård Forbord har vore ein sikker straffeskyttar. I Hornindal bomma han. (Arkivfoto)

Bård Forbord har vore ein sikker straffeskyttar. I Hornindal bomma han. (Arkivfoto)

Hornindal vann si eiga fotballturnering etter fyrst uavgjort 2-2 etter ordiner tid, og deretter 5-4 på straffespark over Sunnylven/Stranda 2 i finalen laurdag.
Fredrik Stadheim – 12.04.2014 18:49:42

Det var eit litt bittert tap vedgjekk trenar Bård Forbord på telefon frå Hornindal etter kampen. Sunnylven/Stranda 2 låg under 0-1 til pause for Hornindal, men gjekk opp i leiing 2-1 i andre omgang etter mål av Ronny Furset og Henning Frøysa.
På slutten av kampen utlikna vertane til 2-2 og dermed straffespark for å kåre vinnarlaget og mottakar av pokalen.

Laga følgde kvarandre med like mange skåringar til trenar Forbord bomma. Hornindal skåra og vann samanlagt 7-6.

Ein veldig god kamp og mykje positivt av Sunnylven/Stranda 2, sa Bård Forbord. Han stilte eit lag med mykje feriefolk heime, men alle kjempa godt.
Spesielt gledeleg at Daniel Støverstein er tilbake i laget og var veldig god, sa Forbord.
Ronny Furset på Sunnylven/Stranda 2 vart kåra til beste spelar under turneringa.
I bronsefinalen vann Stryn 2 over Sæbø med 4-0.

Laget som kom på andre plass i Hornindalcup 2014 var.
Joakim Fivelstad, Olav Åge Åsen, Daniel Støverstein, Jørgen Helset, Kamik, Henning Frøysa, Asbjørn Kvam Karbø, Bård Forbord, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Trygve Aaland Tryggestad, Ronny Furset.

Innbyttarar:
Helge Kvam Karbø, Olav Erling Aaland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380