Tapte stort for Molde

I serieopning 3. divisjon kvinner gjesta Molde Hellesylt stadion for fyrste gong. Laget frå rosenes by var gode og vann heile 11-0 mot Sunnylven/Stranda.
Fredrik Stadheim – 25.04.2014 09:07:39
Det unge heimelaget kjempa heroisk mot storklubben Molde i nitti minutt, men utan utteljing. Skåringane rann inn feil veg til stortap 0-11. Stillinga ved kvilen var 0-4.
Parodi
Molde var minst ein divisjon betre i denne kampen, det meinte også trenar for Sunnylven/Stranda, Kai-Ove Lade som var førebudd på at det kunne bli braktap i opningskampen.
-Dette var ein parodi på ein fotballkamp. Molde har eit lag som burde spele i ein divisjon høgare, ja dei er gode nok til å vinne over damelaget Fortuna. Molde vil vinne mot alle laga i 3. divisjon, kanskje tosifra og dei vil toppe tabellen når sesongen er over. Vi skal kjempe om plassane bak, eg kjenner styrken til dei andre laga så tredje plass i serien er eit realistisk mål, sa trenar Kai-Ove Lade.
Sjølvtillit
På heimelaget var målvakt Lillian Aasheim god og hindra eit enno større tap med fleire klasseredningar. Det var også lovande spel av lagkaptein Tina Jøsok og Kristin Ringdal i forsvaret.
Og når laget spelar på seg litt meir sjølvtillit, roar litt og ser etter pasningsalternativ kan også målsjansane kome.
Laget har mykje fart i seg så trenar Kai-Ove Lade og hjelpetrenar Lars Tore Opshaug har ein spanande spelarstall å jobbe vidare med.
3.divisjon kvinner, Hellesylt stadion
Sunnylven/Stranda – Molde 0-11 (0-4)
Domar: Odd Even Svindseth, FK Sykkylven
Publikum: Ca. 25.
Sunnylven/Stranda sitt lag: Lillian Aasheim, Tina Jøsok, Kristin Ringdal, Vilde Hjelle, Hanne Slettebakk, Amalie Flo, Ivrine Tryggestad, Birgitte Sve Hagen, Marie Lovise Hoel, Amalie Ringdal Birkhol, Ingeborg Opshaug.
Innbyttarar: Hanne Gjerde, Martine Lade, Eilen Vatne, Anne Lise Lødøen Helset, Julianne Lundanes. Rebekka Strandmann Hanssen, Anette Frøysa.