Til finale i Hornindalscupen
Sunnylven/Stranda 2 slo Sæbø 5-4 i innleiande runde i Hornindalscupen i fotball fredag kveld. Laurdag er det finalekamp mot Hornindal.
Fredrik Stadheim – 11.04.2014 23:15:55
Det var eit reservespekka lag Sunnylven/Stranda 2 stilte mor Sæbø på fredag kveld i Hornindalscup fotball.
På nær overtd kom sigeren som sikra finalespel mot Hornindal på laurdag då Gunnar Espelund sette eit hjørnespark kontant i mål. Det målet lika ikke laget frå Hjørundfjorden, men sigeren for dei blåraude frå Sunnylven var eit faktum.
Ronny Furset donka i nota 1-0 og gjorde også 2-0 før laga gjekk til pause.
I andre omgang kom Sæbø sterkt og spelande trenar Terje Haugen Øye gjorde både 1-2 og utlikning til 2-2. Så kom 3-2 for Sæbø før Ronny utlikna på straffe til 3-3.
På nytt gjekk Sæbø i leiinga med 4-3, ukjent målskårar, før Kenneth Andre Hole dundra 4-4 i nota for Sunnylven/Stranda 2.
Nesten på overtid fekk Sunnylven/Stranda 2 hjørnespark og Gunnar Espelund sende laget til finalen laurdag med skåring og 5-4 over Sæbø.
Det var verd ein liten jubeldans for det unge laget frå Sunylven som mangla fleire av dei faste spelarane. Dei møter Hornindal som slo Stryn 2 med 4-0 laurdag.
Sunnylven/Stranda 2 stilte slik:
Joakim Fivelstad, Kamik, Asbjørn Kvam Karbø, Jørgen Helset, Olav Åge Åsen, Trygve Aaland Tryggestad, Gunnar Espelund, Martin Espelund, Helge Kvam Karbø, Alf Ole Sundgot, Ronny Furset.
Innbyttarar: Odin Dyrkorn, Stein Kristoffersen, Kenneth Andre Hole.