Turistferja Bolsøy på Hellesylt

doc_4053_2

Fredag kveld kom turistferja Bolsøy til kai på Hellesylt, to veker før ferjeruta på Verdsarvfjorden skal starte.

Fredrik Stadheim – 11.04.2014 20:14:26
Bolsøy kom frå verkstad og er ferdig oppussa for ein ny sesong på fjorden mellom Hellesylt og Geiranger.
Ferja skal ligge i opplag på Hellesylt til ruta startar 1. mai.

Det er ei rein og “strigla” turistferje som ventar på dei fyrste turistane. Bolsøy har fått litt endra fargar frå i fjor.

Legg merke til at gulefargen på skorsteinar og toppoverbygget er endra til kvitt og svart.
Legg merke til at gulefargen på skorsteinar og toppoverbygget er endra til kvitt og svart.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380