Vårtreff for 60 pluss.

NRK-journalist Karl Kristian Langeland kåserte og meinte at generasjonen 60 pluss var best i mykje.

NRK-journalist Karl Kristian Langeland kåserte og meinte at generasjonen 60 pluss var best i mykje.

Mange hadde teke seg ein “Sjøatur” til Hellesylt laurdag. 54 av dei kom innom Vårtreff 60 pluss til Sunnylven pensjonistlag og Sunnylven sanitetslag.

Det vart trivelege timar på Sunnylven kyrkjelydshus laurdag. Vårtreffet for 60 pluss baud på både program med allsong, bevertning og utlodding, og drøset gjekk godt mellom vaksne sambygdingar.
Styremedlem i sanitetslaget, Kari Hauso Stadheim ønska vel møtt og leia festen. Å kome saman, prate med kvarandre og ete i lag ville gjere alle gladare, trudde ho. Og det var bakgrunnen for at dei to laga inviterte til Vårtreff.

Kåsør på festen var NRK-journalist Karl Kristian Langeland, radiomann i reiseradioen i fjor sommar og der heimbygda Hellesylt og Sunnylven ved høve fekk sin plass i sendingane.
Tema han hadde valt for kåseriet laurdag var “Ein ung manns tankar om 60 pluss”. Sjølv venta han på å nå 30 pluss, men var sikker på at det doble også var ein fin alder. Det hadde han erfart saman med bestemor si.

Oppdatert på det meste

-Vi prata med kvarandre, las i bibelen og spela kort. Ingen av oss lika å tape i kortspel, så det hende at vi juksa litt, røpa Langeland. Han oppmuntra og rosa sine “vaksne” tilhøyrarar og illustrerte sine ytringar med bilete.
-60 pluss er best i det meste, også i song og musikk, sa han og ramsa opp fleire artistar som Tina Turner, Bruce Springsteen, Wenche Myhre, og Gunne Larsen.
Og Gunne, som bidrog med musikk til allsongen på festen, tok trekkspelet sitt og beviste med ein svingande vals at påstanden frå Langeland ikkje var skrøne.

-Dagens unge er ikkje som før, men det er ikkje dei eldre heller. Dei er oppdatert på det meste med internett og SMS. Det er kjempeflott, så lev dokka eigne og aktive liv, var oppmodinga frå Karl Kristian Langeland.

Gleda seg til neste fest

På festen vart det også mykje allsong frå eit songark med kjende og glade songar til tonefylje av Gunne Larsen på trekkspel. Bevertninga var middag med kaffi og bløtkake etterpå.
Anna Jorunn Ljøen takka arrangøren så mykje på vegne av alle frammøtte for ein gild fest. Ho gleda seg alt til neste år.

Mange frammøtte og mykje prat kring småborda under Vårtreffet.

Mange frammøtte og mykje prat kring småborda under Vårtreffet.

Under loddsalet hadde arrangøren leita fram dei gamle treårane med nummer på. Her er det leiar i pensjonistlaget Astrid Langeland som sel.

Under loddsalet hadde arrangøren leita fram dei gamle treårane med nummer på. Her er det leiar i pensjonistlaget Astrid Langeland som sel.

Ei lita gåve frå arrangøren til kåsøren overrekt av Kari Hauso Stadheim.

Ei lita gåve frå arrangøren til kåsøren overrekt av Kari Hauso Stadheim.

Også musikant under festen, Gunne Larsen fekk ei lita påskjønning frå arrangøren.

Også musikant under festen, Gunne Larsen fekk ei lita påskjønning frå arrangøren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380