17 mai-feiring i Sunnylven

doc_4095_2

Folketoget i Sunnylven brukar å vere både lagt og fargerikt. (Arkivfoto)

Programmet for 17. mai i Sunnylven er klart og viser ei tradisjonell feiring i bygda med Sunnylven Idrottslag som ansvarleg arrangør.

Fredrik Stadheim  –  14.05.2014 08:37:40
Rådmann Ann Kristin Langeland held talen for dagen under folkefesten på Sunnylven samfunnshus.
Festmarkeringa startar kl. 14.00, men i timane før det vil mykje anna skje og mange hurrarop lyde når nasjonaldagen blir feira på Hellesylt.
Som tidlegare er Sunnylven Idrottslag ansvarleg arrangør.
Programmet er slik:

08.00: Vi heiser vårt flagg

09.45: Ein skuleelev legg ned krans ved minnetavla ved kyrkja til dei falne.

10.00: Festgudsteneste i Sunnylven kyrkje ved sokneprest Stein Bernhard Karstensen. *Sunnylven skulekorps, *Joyful. *Offer til Redd Barna.

10.45: Barnetoget går frå kyrkja om Peer Gynt Galleriet, til Sunnylven omsorgssenter og tilbake til skulen.
Oppstilling: *Flaggborg *Sunnylven skule *Sunnylven skulekorps *Barnehagen * Lag og organisasjonar.

11.30: Sal av mat og drikke på samfunnshuset

12.00: Barneleikarringen opptrer ved Sunnylven omsorgssenter

12.30: Leik og konkurransar for born og vaksne ved fotballgruppa

14.00: Samling på samfunnshuset. *Tale for dagen ved rådmann Ann Kristin Langeland
* Sunnylven skulekorps *Musikkinnslag *Allsong *Dans ved barneleikarringen.

Rådmann Ann Kristin Langeland.

Rådmann Ann Kristin Langeland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380