17. mai på Hellesylt i stas, stemning og sol

På Hellesylt i Sunnylven vart det ei tradisjonell, men flott feiring av nasjonaldagen og 200-års jubileet for grunnlova.
Svært mange både fastbuande og tilreisande var til stades og feira 17. mai på Hellesylt. Også veret spela på lag med varme solgløtt inn imellom.
Nasjonaldagen starta ved minnetavla over dei som fall i siste krig. Skuleelevane Veronica Grov Øksvang og Gard Henrik Røyrhus las opp namna til dei som omkom og la ned blomar.
Deretter var det gudsteneste ved sokneprest Stein Bernhard Karstensen der ungdomskoret Joyful og Sunnylven skulekorps medverka.
Vi let oss imponere stort av ungdomskoret si framføring av Nordahl Grieg sin song «Til ungdomen».
Det var ei preike i seg sjølv for mange.
Barnetoget var folkerikt og fargerikt, og med taktfaste tonar frå eit Sunnylven skulekorps i storform. Ruta fylt av hurrarop var den faste frå kyrkja til Sunnylven omsorgssenter, forbi ein brusande, vårkåt Hellesyltfoss og tilbake til skulen.
I Sunnylven samfunnshus var det sal av kaffi, kaker og pølse med brød. Ved restaurantar andre stader på Hellesylt kunne folk få kjøpt seg anna mat etter ynskje.
På skuleområdet var det leikar for born, men også vaksne prøvde seg på ballkast, pilkast, hesteskokasting, sykling og balansekunst på styltrer.
Sjeldan har det vore så trangt om plassen i Sunnylven samfunnshus som under folkefesten denne gongen.
Festleiar Jens Vik opna med å bere fram ei helsing som ordførar Jan Ove Tryggestad hadde med heim frå ordførarsamlinga i Oslo frå dronning Sonja til «alle kjente « i Stranda.
Programmet under festen baud på både musikk ved Sunnylven skulekorps, folkemusikk ved Felegruppa , leikdans ved Barneleikarringen, tale for dagen ved rådmann Ann Kristin Langeland og allsong, leia av Kristin Storstein.
Stortinget si gåve til folket i høve 200-års jubileet for grunnlova, songen «Det går et festtog gjennom landet» vart solid presentert av Sunnylven skulekorps, skuleelevar og born frå Sunnylven Barnehage både i barnetoget og under folkefesten på Sunnylven samfunnshus.
Arrangør Sunnylven Idrottslag kom vel i mål med feiringa av 17. mai og grunnlovsjubileet i Sunnylven.