Blomsterpryd på Hellesylt.
Torsdag var det plantedag på Hellesylt. Då vart 38 store blomsterkrukker klargjort for å pryde sentrum.
Torsdag denne veka kom kommunegartnar Havtor Tryggestad til Hellesylt med bilen full av blomster frå Holmberg Gartneri. Dei kommunalt og privat eigde blomsterkrukkene på Hellesylt skulle fyllast med jord og fargeglade blomster, gule margeritter og rosa og blå surfina.
Til å hjelpe med utplantinga stilte det på seks damer, Anne Gausdal, Kirsten Gjørvad, Sonja Hole, Ruth Tronstad, Oddny Rudi og Eldrid Skrede.
Blomsterplantinga har vore ein dugnad frå dag ein seier Havtor Tryggestad som rosar «blomsterdamene» på Hellesylt. Dei kan jobben, mange har vore med på plantinga i alle år tidlegare.
Kor mange er han usikker på, men trur det må vere seks eller sju.
På Hellesylt blir det planta i 38 krukker, 14 av dei er kommunalt eigde, resten har lag, butikkar og bedrifter kjøpt inn.
Liknande planting foregår i dei andre bygdelaga, også der med kommunalt engasjement. Kostnaden med innkjøp av blomster blir fordelt mellom kommunen og private, seier Tryggestad.
Plantedugnaden på Hellesylt vart avslutta med kaffi, rundstykke og kake, spandert av Liv Jorunn Sporstøl ved Joker.