Bolsøy i rute på Verdsarvfjorden

Torsdag 1. mai gjekk turistferja Bolsøy sine fyrste turar mellom Geiranger og Hellesylt. Ein lang sesong som varer ut september er i gong.
Fredrik Stadheim – 04.05.2014 16:49:39
Kaptein Arne G. Vassvik fortel at sesongen har starta bra. Sjølv om vegen over Geirangerfjellet ikkje er opna, har mange både med buss og privatbilar teke ferja mellom Geiranger og Hellesylt.
Vassvik er kaptein om bord i Bolsøy, som han har vore i mange sesongar tidlegare. I år deler han sjefsjobben med Einar Borge Eide der dei to får to veker på og to veker fri. Eide har tidlegare vore kaptein på Veøy, den andre turistferja som kjem i rute frå juni.
Turistferja Bolsøy med mannskap kjenner godt fjorden mellom Geiranger og Hellesylt, dei høge fjella og dei mange fjord –og fjellgardane. Den over førti år gamle båten har frakta eit stort antall bilar, bussar og passasjerar etter den kjende fjorden. No er den trufaste «slitaren» nyrestaurert og har starta på ein ny sesong.
I mai går Bolsøy fire turar dagleg mellom Hellesylt og Geiranger og blir i ruta ut september. Frå juni blir kapasiteten dobla når Veøy er på plass.