Eit suksessarrangement
Den lokale Jentebølgja på Hellesylt vart ei stormønstring av unge og eldre jenter torsdag. I alt 48 sprang eller gjekk fem kilometer frå stadion til Stadheim Kraftverk og tilbake.
Fredrik Stadheim – 08.05.2014 19:25:09
I år var det fjerde gongen Jentebølgja vart arrangert lokalt av Sunnylven IL trim/friidrett og Sunnylven Sanitetslag. Og oppslutninga var større enn nokon gong, nesten dobbel så mange som i fjor.
Turen etter bygdevegen til Stadheim og tilbake til stadion var også ei naturoppleving i fint vårleg ver med grø og frodig natur ikring.
Også ei treningsøkt
Som tidlegare år var trimturen lagt opp som eit lågterskeltilbod utan tidtaking, men vi såg unge jenter frå langrenn -og skiskyttarmiljøet som heldt stor fart. Dei brukte nok Jentebølgja som ei treningsøkt.
Etter «målgang» på Hellesylt stadion var det gratis utdeling av frukt og andre forfriskingar til alle som deltok.
Kaffi, vafler og maiblomst
Tidlegare på dag torsdag hadde Sunnylven Sanitetslag sal av vafler, kaffi og maiblomster i sentrum av Hellesylt. Mange var innom og handla til støtte for laget.
Salet av maiblomster, symbol på solidaritet, er ei av inntektskjeldene til Norske Kvinners Sanitetsforening.
Ideen til maiblomsten kom frå Sverige i 1907. I Norge har inntektene av salet vore med å skaffe pengar til mellom anna bekjempelse av tuberkulose.
Etter 1945 var inntektene viktige til gjenreising av folkehelsa.