Gode i maraton og stafett
Friidretten er i gong og i helga konkurrerte sunnylvingar i både Ålesund maraton og Holmenkollstafetten.
12.05.2014 10:51:24
Kari-Anne Tryggestad Ryste deltek for Sunnylven IL i Ålesund Maraton laurdag der det vart andre plass. Sluttida 1.35.50 var berre seks sekund bak Karoline Valle, Aureosen.
Vinnar av herreklassa og heilmaraton over vel 41. km. vart Helge Hafsås, Olden IL, 2.51.25. Hafsås heldt stor fart frå starten av og passerte halvvegs på betre tid enn vinnaren av halvmaraton menn, Jan Ketil Vinnes, Kondis.
Holmenkollstafetten
Hans Kristian Stadheim frå Sunnylven er hovudtrenar for Lyn Ski Langrenn. I Holmenkollstafetten 10. mai stilte han saman med sine elevar og sprang 13. etappe som er på 1.100 meter. Etappetida på 3.05 var ei av dei beste i klasse F2 menn senior.
Lyn ski vart nr. 3 i klassa på 54.59, 2.02 min. raskare enn i fjor og vel fire minutt etter Tjalve som vann Holmenkollstafetten for menn. Lyn Ski hadde totalt 14. beste sluttid og stiller i eliteklassa neste år.
Heile stafettlaget til Lyn Ski kjem på ei vekes treningssamling til Sunnylven i sommar og blir å sjå i Hellesyltløpet under Sommardagar på Hellesylt 5. juli.