Gudsteneste på Massing-Andersplassen

Gudsteneste på Massing-Andersplassen
Saga Emilie vart døypt på Massing-Andersplassen i Åsen Kristi himmelfartsdag. Liturg Helge Standal, Sykkylven var vikarprest og utførte dåpshandlinga.
I varmt og vakkert vårver samla kring 80 personar seg tradisjonen tru til gudsteneste på Massing-Andersplassen i Åsen Kristi himmelfartsdag. Berre murane av våningshuset står igjen på den vesle buplassen. I tillegg til gudsteneste var det dåp.
Gudstenesta opna med songen «No livnar det i lundar» og vart avslutta med «Fagert er landet». Treffande songval i det fine veret og med storfelt natur og utsikt.
Saga Emilie sin dåp vart krona med sol og varme. Og dåpsvatnet var tydeleg svalande i varmen, for den vesle jenta kneip godt fast i handa til døyparen, kanskje for å få fleire svalande dropar i panna.
Som tradisjonen er song Kristin Storstein velsigninga. Dåpsseremonien var ei vakker og stilfull handling.
Eigar av Rasmusgarden i Åsen, Roar Åsen ynskte kyrkjegåarane vel møtt og fortalde litt om Massing-Andersplassen og dei som budde der til rundt 1900.
Anders var i tillegg til brukar ein dugande massingsmed og rosemålar. Kona heitte Olave og dei fekk ni born som vaks opp der.
I Åsen er ikkje aktivt husdyrhald lenger. Roar Åsen var den siste mjølkeleverandør, det skjedde for 12 år sidan, fortalde han.

