Høgtidsam konfirmasjon i kyrkja.

KONFIRMASJON. Frå venstre Rikard Eide Ljøen, Madelen Seline Frøysadal Hauge, Ole Iver Kjellstad, Ingeborg Langeland, Stian Frøysa, Emilie Brekke, sokneprest Stein Bernhard Karstensen, Veronica Stadheim Jansen, Nikolaj Nybø Støverstein, Hege Høgalmen Ringdal, Anders Åsen Tryggestad, Olene Lade, Ottar Frøysa Hellebostad.

KONFIRMASJON. Frå venstre Rikard Eide Ljøen, Madelen Seline Frøysadal Hauge, Ole Iver Kjellstad, Ingeborg Langeland, Stian Frøysa, Emilie Brekke, sokneprest Stein Bernhard Karstensen, Veronica Stadheim Jansen, Nikolaj Nybø Støverstein, Hege Høgalmen Ringdal, Anders Åsen Tryggestad, Olene Lade, Ottar Frøysa Hellebostad.

Søndag 4. mai var det gudsteneste med konfirmasjon i Sunnylven kyrkje. Det vart ei høgtidsam stund i ei fullsett kyrkje.
Fredrik Stadheim – 04.05.2014 17:49:55
«Deg være ære, Herre over dødens makt», song kyrkjelyden til slutt då konfirmasjonsgudstenesta i Sunnylven kyrkje var over søndag 4. mai. Ei flott stund i kyrkja som var ærerik for mange.

Den 155 år gamle kyrkja var nær fullsett då seks jenter og seks gutar vart konfirmert søndag. Sokneprest Stein Bernhard Karstensen heldt preika og leia den flotte og høgtidsame gudstenesta.

Konfirmasjonen var ein ny, men stemningsfull seremoni, ei handling som tiltala og minte lite om strenge overhøyringar som konfirmantar for nokre tiår tilbake var nervøse for. Søndag var det lite å grue seg til for dei tolv i kvite konfirmantkapper.
Alle tok del i gjennom heile gudstenesta med tekstlesing, gutane framførte eit lite tablå om korleis læresveinane fiska og som Jesus metta mange med, og det var vakker fleirstemt song av dei seks jentene.
Til siste var det lystenning og soknepresten las ei lita bøn for kvar og som konfirmantane hadde valt sjølve. Ei kvit rose var gåva til kvar frå Sunnylven sokneråd.

Konfirmasjonsgudstenesta baud også på mykje vakker salmesong til tonefylje på orgelet av unge og dyktige Lars Kvam Karbø.
I det heile ei fin og minnerik stund til ære for mange.

doc_4082_13

doc_4082_14

doc_4082_15

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380