Lokalnytt

Ikkje sinte, men forbanna bønder

Torsdag var fleire Sunnylvsbønder samla for å snakke om brotet i jordbruksforhandlingane.
Torsdag var fleire Sunnylvsbønder samla for å snakke om brotet i jordbruksforhandlingane.

Sola stråla frå skyfri himmel, men bønder i Sunnylven tykte dagen var grå etter brotet i jordbruksforhandlingane.

Fredrik Stadheim  –  14.05.2014 12:49:58
Det var frustrerte Sunnylvbønder vi møtte og som hadde samla seg for å diskutere og utveksle tankar kring Staten sitt tilbod i årets jordbruksforhandlingar som enda med brot tysdag.
Lokal bondelagsleiar, Peder Hellebostad hadde til liks med dei andre lite godt å seie om tilbodet og landbruk og matministeren.

Feil å rekne prosent

-Døra står open for vidare forhandlingar, seier Listhaug, men når du kjem inn døra så er det til eit tomt rom.
Det ho fortel er at 80 prosent av all matproduksjon i Norge står dei store bruka for. Det er feil , ho burde vite at det er dei små bruka, familiebruka som steller den store matåkeren i landet.
No vil ho dyrke fram ein politikk der dei store skal få meir og med mindre byråkrati. Slik vil bønder ha det hevdar ho, for ho har snakka med bønder rundt om i heile landet. Kven er desse bøndene, kvar er dei. Eg har ikkje møtt eller høyrt om nokon, seier ein engasjert lokallagsleiar. og held fram;

-Landbruksminister Listhaug snakka om at med Statens tilbod får bønder i snitt 3.5 prosent auke i årsløna og kjem like bra ut som andre yrkesgrupper. Men ein kan då ikkje rekne lønsauke i prosent  når utgangspunktet er lavare enn andre, ca. 225.000 kr pr. årsverk. Ein treng ikkje vere rakettforskar for å forstå at prosentrekning er feil i dette tilfelle.

Halshogging

-Om forslaget skulle bli vedteke av Stortinget vil vi få ei avskalling av aktive bønder. I dag har Sunnylven vel 40 aktive bruk, men kor mange som toler seigpininga i framtida er vanskeleg å spå.
Vi er oppflaska til å tole det meste og har fått inn med morsmjølka at vi skal forvalte matjorda til kornproduksjon, for matsikkerheitog skape levande og vakre bygder, ikkje minst for turistnæringa sin del.

Listhaug snakkar om at landbrukspolitikken i landet har vore ei seigpining. No er det rett og slett ei halshogging av bønder ho legg opp til, seier Peder Hellebostad.

Lokale aksjonar

Lokallagsleiaren ser ikkje vekk frå at det kan bli lokale aksjonar. I kva form vil ikkje Peder Hellebostad seie noko om.
-Går det på mat, samferdsel eller blokering av anlegg?
-Når dei ikkje vil betale for maten er det vel naturleg å tenkje seg at det kan bli tomt i enkelte matvarehyller.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380