Lokalnytt

Korpsstøtte frå Sparebanken Møre

20.000.- kroner hadde banksjef Stig Tryggestad med til Sunnylven skulekorps. Styreleiar Gunnhild Kvam tok i mot.
20.000.- kroner hadde banksjef Stig Tryggestad med til Sunnylven skulekorps. Styreleiar Gunnhild Kvam tok i mot.

Etter den siste lange øvinga før 17. mai vart musikantane i Sunnylven skulekorps tildelt både rikdom og smakfull belønning.

Fredrik Stadheim  –  16.05.2014 22:06:31
Etter dei siste intense førebuingane fredag før nasjonaldagen, kom banksjef Stig Tryggestad i Sparebanken Møre med ei flott påskjønning til Sunnylven skulekorps.
Han hadde med både brus, pizza og ikkje minst ein gåvesjekk på heile 20.000.- kroner.

-Korpset gjer ein kjempejobb for bygda og etter harde øvingar mot 17. mai er det på sin plass med ei lita påskjønning, sa Tryggestad.

Pengane var Gullkornmiddlar som Sparebanken Møre har støtta korps med i alle områder der banken har avdelingskontor, utan at korpsa har søkt.
Til saman har banken i år delt ut korpsstøtte på heile 1.5 mill. kroner.

Å få pizza og brus var flott, men pengegåva vakte størst jubel mellom musikantane. Det var også ein svært nøgd styreleiar i korpset som tok mot og takka.
Gunnhild Kvam kunne fortelje at pengane går inn i reisekassa til korpset. Ein tur til 2014-festivalen i Trondheim siste helga i juni er gulrota til alle i Sunnylven skulekorps i år.

Til det nasjonale korpsstemnet er det påmeldt 260 korps og 11000 musikantar frå heile landet.

 

Så var det pizza frå den lokale pizzabakaren.
Så var det pizza frå den lokale pizzabakaren.

doc_4101_14

doc_4101_15

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380